Forfattermøte: Are Kalvø
Gratis
Ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Så lenge Are Kalvø har levd, har det blitt krangla om by og land. Andre kranglar blir vi ferdige med. Ikkje denne.Tida er inne for å legge denne konflikten bak oss og heller bruke kreftene våre på å løyse dei store problema i verden.
Kalvø budde ein månad i Noregs minste kommune og ein månad i Europas største by for å kome til botns i dette. Det resulterte i boka Berre bønder lengtar heim.
Han kjem til Tofte bibliotek for å fortelje om boka og dele refleksjonane sine. Velkomen til ein underhaldande kveld!
Foto: Sturlason, Kagge forlag.