Are Kalvø

Are Kalvø med nytt standupshow i Asker kulturhus!
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle desse åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden. Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø?