Ane Dahl Torp som Haugtussa
Foto: Dag Jenssen

Skodespelar Ane Dahl Torp kaster nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist Sjur Miljeteig.

Skodespelar Ane Dahl Torp har klipt og limt i Garborgs medrivande diktsyklus for å kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Sjur Miljeteig.

Arne Garborgs Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur og har fascinert kunstnarar i over hundre år.

Hovudpersonen og forteljarstemma i diktverket er Veslemøy. Ho heiter eigentleg Gislaug og er ei om lag 16 år gammal husmannsjente som bur i lag med mor si på ein liten gard på Jæren. Veslemøy er vakker, men usikker og forsiktig. Ho har ein bror til sjøs og to eldre søstrer. Den eine er gått bort, og den andre lever eit liv som prostituert inne i byen.

I eit syn i ein draum kjem den avdøde søstera til Veslemøy og fortel henne at ho er dømd til å sjå det andre ikkje kan sjå. Ho blir synsk.

→ Her kan du lese mer om aktiviteten

Mer om Asker museum